HELSENORGE
Conchotomi

Nesemuslingforminskning

Teaksta sámegillii boahtá fargga.

Operasjonen går ut på å skrumpe ein bein- eller bruskdel i nasen (nasemuslinga) ved hjelp av radiobølgjer. Ingrepet vert gjort for å redusere ein- eller tosidig nasetettheit grunna ein stor nasemusling.

Vuordináiggit

Innleiing

Før

Piercing i andlet/tunge må fjernast før inngrepet. Du kan ha på øyredobbar.

Under

Operasjonen vert utført som dagkirurgi og tek om lag 20-30 minutt. Du får lokalbedøving. Først med bedøving på ein bomullsdott i nasen, og deretter med sprøyte i sjølve nasemuslingen.

Til operasjonen vert det brukt eit spesielt utstyr/nål som sender radiobølgjestråler (varme) inn under slimhinna i nasemuslingen, og får dermed slimhinna til å trekke seg saman/skrumpe. Slik vert det betre plass til å puste gjennom nasa.

Sjølve inngrepet tek berre nokre minutt.

Dei fleste opplever lite ubehag under inngrepet, men enkelte kan få lokale smerter og/eller bløding.

Etter

Du kan reise heim etter operasjonen.

Eventuell kontroll vert avtalt med lege/sjukepleiar.

Du skal skylje av nasen med saltvatn og eventuell spraye med sesamolje i 2-3 veker. I same periode kan du oppleve forverring av nasetettheit og lokalt trykk/ubehag samt blødingar over nokre dagar. Dette skuldast heving i slimhinna etter behandlinga, samt tendens til skorper i nasa av same grunn. Dersom du er usikker på om plagene du har etter operasjonen er innanfor det normale, ta kontakt med oss på ØNH- poliklinikk, eventuelt eigen fastlege.

Smertestillande

Det er oftast lite eller inga smerte etterpå. Om du skulle få smerter, kan du bruke reseptfrie smertestillande (Paracetalmol).

Sjukmelding

Du treng i utgangspunktet ikkje sjukmelding, men du bør vere heime frå arbeid operasjonsdagen, avhengig av type arbeid. Konferer med operatør når du kjem til operasjon.

Ver merksam

Kontaktinformasjon

Gávdnet go dan maid ohcet?