Du kan ete vanleg mat etter 4 timar. Du bør avstå frå varm mat og drikke første døgeret for å redusere blødingsrisikoen. Du må også avstå frå hardare fysisk aktivitet som kroppsøving i om lag 2 veker.
Det er vanleg med litt blodsiving frå nasen eller bakover i svelget dei 2 første døgra.
Du får kontrolltime på poliklinikken etter 2-4 dagar for å fjerne nasetampongar. Her kan det vere individuelle skilnader i kontrollopplegget.
Det vil ofte tilkomme forbigåande bløding frå nasa etter fjerning av tamponaden.
Sjukmelding:
7-14 dagar avhengig av yrke.
Smertestillande:
Etter operasjonen får du smertestillande i form av paracetamol/ paracetamol + kodein (t.d. Pinex Forte) eller anna betennelsesdempande medisin (t.d. Voltaren). Det er vanlegvis lite smerter etter denne typen inngrep.
Saltvasspray / skyljing er rutine dei første vekene etter inngrepet, men først etter at tampongane er fjerna etter om lag 2-3 dagar.