Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Doktorgrad

Signe Hjelen Stige

Stabilization groups for heterogeneous samples of trauma clients. Presentation of a new treatment approach, and a hermeneutical-phenomenological analysis of help seeking, treatment participation, and ways to positive change.

Signe.Hjelen.Stige@finnmarkssykehuset.no

Signe Hjelen Stige

Signe Hjelen Stige vart fødd i Oslo i 1980 og er oppvoksen på Sandane i Sogn og Fjordane. Ho var ferdig utdanna som psykolog ved Universitetet i Oslo våren 2007 og har sidan jobba som psykolog ved DPS Vest-Finnmark. Frå hausten 2010 har ho vore i 50% PhD-stipendiatstilling finansiert av Helse Nord, og fullførte avhandlinga våren 2013. Avhandlinga vart forsvart i ein offentlig disputas i Alta 4. november 2013.

Stabilization groups for heterogeneous samples of trauma clients. Presentation of a new treatment approach, and a hermeneutical-phenomenological analysis of help seeking, treatment participation, and ways to positive change.

Forsking har vist at det å oppleve eit psykologiske traume er relativt vanleg, og at mange slit med traumerelaterte plager mange år etter slike opplevingar. Medan traumebehandling viser lovande resultat, har den tradisjonelle måten å organisere slik behandling på gjort traumebehandling i gruppe utilgjengeleg for traumeklientar utanfor dei store byane. Ei ny behandlingstilnærming, som gjer det mogleg å inkluderer klientar med ulike traumeerfaringar i same gruppe, blir presentert i denne avhandlinga. 13 klientar frå den nye behandlingstilnærminga vart intervjua med kvalitative djupneintervju for å utforske klientane sine opplevingar av a) prosessen som førte til at dei søkte hjelp, b) den nye behandlingstilnærminga, og c) betringsprosessar. Ei fortolkande og opplevingsnær forskingstilnærming vart brukt i intervju og analyseprosess. Det finns svært lite systematisert kunnskap om traumeklientar sine opplevingar av det å søke hjelp, traumebehandling og betring. Avhandlinga bidreg difor med ny kunnskap om klientperspektivet på desse prosessane. Funna nyanserer fokuset på ønsket om å klare seg sjølv som einaste ei barriere for det å søke hjelp, og viser korleis det å søke hjelp i seg sjølv kan representere ei stor endring for traumeklientar. Deltaking i den nye behandlingstilnærminga vart opplevd som krevjande men givande. Den aktive rolla klientar har, både i betringsprosessen og i behandling, vart understreka av funna, og viser betydinga av å respektere klientane sine individuelle prosessar knytt til hjelpsøking og betring når ein planlegg og tilbyr behandling. Funna illustrerer også dei mange måtane endring kan bli initiert på og samspelet mellom ulike betringsfremmande element, dermed betydninga av å ha ei brei tilnærming til tilfrisking etter traume. Prosessar knytt til meiningsdanning og kjensle av å vere agent i eige liv vart viktig for å forstå funna knytt til hjelpsøking, samt den opplevde vegen frå sjølvberging til tilfrisking. Medan funna samla sett viser eit potensial for meir samansette traumegrupper treng ein meir forsking før ein kan konkludere.

Les avhandlingen på nett

Sist oppdatert 20.12.2016